fredag 13. august 2010

4 Kvardag att. Snart.

Etter over fem veker på farten er me tilbake i Tigerstaden. 
Me har vore i aust og vest, sør og endå lengre sør. 
Eg har hatt solkrem på kanskje tre dagar, og har ikkje vore lengre ute enn knehøgde i sjøen. Æsj.

 

Men me har me har reist med bil, båt, fly og tog, fått truffe venar og familie, dansa til Stevie Wonder live på Koengen, hatt barnevakt og nattevakt og sove heile netter - mange netter på rad, vore på kjærasttur i Paris, og kosa oss som familie på tre frå morgon til kveld.

 

Frå tysdag av er me i full jobb begge to, og Ella får nok fleire lengre dagar i barnehagen enn ho har hatt til no. 
Kvardagen kjem altså. 
Då er det jo greit at bileta i dag faktisk er frå stadar me kan puste litt innimellom: 
hagebyen rett over gata, og bakgården vår rett utafor vindauga : )


post signature

4 kommentarer:

  1. Tilbake til hverdagen, ja...
    Takk for i sommer, jentene mine!

    SvarSlett
  2. Men Petter då! Du skal jo skrive noko slikt som:
    "Jammen, kvardagen er jo like fin som ferien når eg har to så fine jenter! Let´s move on!!"

    SvarSlett
  3. Er ikke dette en diskusjon vi burde ta privat?

    SvarSlett
  4. For all del, fortsett diskusjonen her ;)

    Og er det ikke en ny hverdag for deg, Ingrid, du skal jo begynne i ny jobb? Spennende.

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!