Ikkje godt, men det var vel min tur no.
Så eg ligg på sofaen med strikketøyet og ser på at brunfargen på leggane bleiknar. Det har eg nemleg tid til no. Eller rettare.. eg orkar ikkje så mykje meir.
I dag har det regna kattar og hundar ute, og det har i grunn vore heilt greit å vere inne med fyr i peisomnen.


Men eg har jo ikkje vore sjuk i halvanna veke, så kva andre grunnar er det til at bloggen ikkje vert oppdatert? Rot. Faktisk. Me driv med litt omveltningar i leiligheten, og bokhyller får seg ein tur på tørkeloftet for nokre strøk maling. De skal nok få sjå forandringane, men i denne pjuskefarten vert det ikkje i morgon, for å sei det slik.
Men rotet har altså blokkert maskina og billedbiblioteket.
Men rotet har altså blokkert maskina og billedbiblioteket.


Det vart også litt handling på finn.no her om kvelden, både frå ein luksusleilighet på Frogner, og ein meir sjuskete ein på Bislet. Tre ting som gynger. To be continued.

Først skal me samle litt overskot.
Bileta er frå haustferien på Gran Canaria. Men det skjøna de vel : )
♥


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vil du seie nokre ord? Så kjekt!