tirsdag 12. juli 2011

2 What is going on in here?


Ella har byrja å spørje om ting som ikkje er her lengre, og skjønar nok fint lite at me skal flytte over 40 mil om eit par veker. Eg prøver å fortelje at mamma, pappa og Ella skal flytte, svaret er "JAAA!! Og Mia og Lotte!" Altså to av dei vaksne i barnehagen... Sukk, seier berre eg. Det blir trist, men eg veit jo at "dei små tilpassar seg snart..." Men likevel!  


Ho har faktisk fått ny barnehageplass på Stord.
"Faktisk" fordi me søkte for under eit par veker sidan, og fristen var 1. mars. Sjølv om det ikkje akkurat er Oslo-pågang i barnehagane der heime, flyttar me til det mest pressa område, og eg hadde i grunn belaga meg på å ha to små heime til hausten. I staden vert det fire dagar barnehage og ein dag heime med mamma og broremann. Kos!


Me er godt i gong med nedpakking og klargjering av leiligheten for sal. Foreldre og svigerforeldre har, på skift, vore til STOR hjelp dei siste par vekene. Det meste er pakka ned i esker, veggar og tak er vaska og mala og her byrjar å verte ganske så strøkent. Ein så liten plass vert godt sliten på få år. 
No lever me nokså primitivt med pikniktallerkar og glas frå McDonalds (som ikkje får bli med veste!). Leiligheten har fått ein hul klang, og det er ganske lett å rydde : )


Ettersom flyttinga er både lang og farleg nære termin, har me bestemt oss for å tømme leiligheten heilt, og la bustadstylistar få ansvaret for å shine den opp for sal. Det skal løne seg ganske godt å legge nokre lappar i det, framføre å la den stå tom. Og me er jo interessert i å få så mykje som mogleg, sjølvsagt. Spend på den biten der!
Uansett har me fått rundt 70 m2 meir for mindre enn det me får for denne, så veldig nervøse er me ikkje.


Utanom pakkestyr, prøver me å treffe så mange som mogleg her i Oslo og omegn. Det har me, i alle fall eg, lukkas ganske godt i, og det er mange koselege dagar. Kalenderen er booka godt utover dei neste to vekene også. 
Når me kjem vest, er det innflytting og besøk av min amerikanske familie (ikkje i vårt hus, altså!). Dei skal vere ein månad, superstas!
Og oppi det heile vert det vel ein fødsel, sku tru! Stakkar broremann, han let oss absolutt vite at han er i nærleiken, men utanom det er nok tankane mest andre stadar om dagen.
I morgon skal me for øvrig gå å ta ein kikk på han, ettersom jordmora ikkje var heilt overbevist om at han/magen vaks som normalt. Og frå forrige erfaring, skulle ein kanskje tru at magen er "for" stor, men det er faktisk omvendt denne gongen. Rart å tenkje på at det er ein heilt ny ein som kjem...


Leiligheten har aldri eigna seg for interiørblogging, men litt frå Ella sitt rom kan eg jo dele. Ho har aldri fått ha rommet sitt i fred, her har det stått støvsugar, badebalje, bokhyller og skap til oppbevaring hummer og kanari. Det skal bli kjekt å lage hennar heilt eige rom. Har ein liten mistanke om at det ikkje er der det vert mest leiking med det første likevel. Huset er over tre etasjar, og den eine er omtrent berre soverom, og ikkje der me kjem til å hengje mest... Meir om det huset seinare. Så absolutt.



post signature

2 kommentarer:

  1. Jeg gleder meg veldig til å høre om, og ikke minst se bilder fra huset dere skal flytte inn i. Men aller mest gleder jeg meg til å se DEG i morgen :-)

    SvarSlett
  2. kjempe flott blogg, leste forresten her at du flyttet til Stord? her bor vi i snikkerbuo og, og tenkte litt på deg også nå.... vi har nemlig lyst å få til litt bloggtreff på denne øya og.

    Henriette

    www.snikkerbuo.blogspot.com

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!