tirsdag 8. november 2011

1 Ikkje berre ammetåke

I går kom tåka snikande. Ho vart tjukk og god akkurat tidsnok til at pappa P sitt fly ikkje kunne lande på den vesle flyplassen vår. Så då vart det Bergen, buss, ferje og seine kvelden i staden. 
Og tåka fulgte etter han. Heilt til døra. Der har den lagt og kosa seg i heile dag.
Kald og rå, men FLOTT. Naturen vert heilt annleis. Trolsk.
Ei gode med å flytte til (vest)landet er alle nyansane i årstidene. Eksosen på Carl Berner har ein tendens til å viske dei ut. Her kjenner ein alle på kroppen. 
Eller... når sant skal seiast, er det nok ein del nyansar som har regna bort denne hausten. Men ikkje i dag. I dag hang dråpane vektlaust i lufta.
Så.. dårleg sikt er vakkert. Tenkje seg til.

Bileta er tekne på golfbanen. Naboen, altså.


post signature

1 kommentar:

  1. Flotte bilder, men husk å ta med 5D'n neste gang! :-)

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!