Ganske teit at eg prøver meg på fransk i grunn, eg kan telje på ei hand kor mange ord eg kan. Men dette er altså eit av dei. Kjøkken.
Ella har fått nytt kjøkken. Laga av underskrivande. Det er litt lenge sidan sneak peak´en. Reknar med de har vridd på dykk både muskelstrekk og senebetennelse i vente på resultatet?
Her er det. Sjarmerande skeivt og nesten ferdig.
Eg tenkte i grunn å ha ein kran til vasken, men då eg først snubla over eit godt tilbod var eg ikkje særskild fysen på å sage meir i denne sprø greia.
Her er det mykje gjenbruk. Ein tv-benk frå gjenbruksbutikken, bakplate og steikeomnsdøra er tilpassa frå skap og hyller som er revne ut frå soverommet vårt. Der kjem også magnetlukkinga på steikeomnen frå. Vasken er eit vaskefat frå sjukeheimen der mi mor jobbar (ho fekk det, altså).
Resten av småtteria er kjøpt på Biltema.
Eg byta forøvrig ut beina med hjul, så den er lett å flytte rundt for å støvsuge og hente fram små leiker som havnar under.
Og det som manglar er altså ei gardin framføre nedste hylle og ein kurv og to inni "kjøleskapet".
Eg hadde eit før-bilete, men det finn eg ikkje att, men eg kan sei så mykje at den i alle fall ikkje var kvit!
I morgon er heimedagen til Ella, og det er meldt storm. Satsar på noko bra kokkelering, då!
♡




Heldige Ella! Det ble knallfint.
SvarSlettFor en god ide:) Ble jo kjempefint. Takk for kommentar hos meg, ble så glad for den. Har forresten lagt meg til som følger på bloggen din:)
SvarSlettKnalltøfft kjøkken, for et bra tips til å gjøre det selv, tv benk til kjøkken.....genialt ;)
SvarSlettSå fint det vart! Du er flink!!! Så lurt å hengja opp panner o.l., hos oss flyt dei jo rundt i heile huset...
SvarSlettFelles kjente ja, er vel "tanteungene" mine det? så gøy ;)
SvarSlettSå fin!! Glede meg te Eiril ska få seg kjøkken...men det blir ikkje før me flytte te eit hus med større plass:)
SvarSlettUtrolig fint kjøkken, der blir det nok tryllet frem mange fine retter fremover!
SvarSlettHyggelig at du vil følge bloggen min og deltar i give-away'en, lykke til!
Så fin blogg du hadde! Fant deg gjennom Fru Andersen.
SvarSlettDe utrolig søte lyspære blomsterholderne skal jeg også lage. Super søte!
Ønsker deg en god helg.
Klem Madelén
Plutselig oppdaga eg nokre krøller eg drog kjensel på - Ella?? Jammen! Så her sitt eg berre nokre dører lenger nord og stirrer og stirrer på herlige bilder og kjekk tekst! Artig å sjå bloggen din, "nabo". :-) Har nettopp knytt sammen ein stige av rekved/pinner og der skal eg jammen prøve å henga nokre blomsterholdere på! Dei var herlige! Ha ein fin kveld så pratast me kanskje utanfor ein dag! :-)
SvarSlett