Ferien vart visst teken ekstra tidleg på bloggen.
Men me har faktisk vore på ferie, eller tur i alle fall. Me slo den saman med Pappa P si jobbehelg i Oslo, så ferie var vel å ta litt hardt i, ja. Jobbehelga vart ei lita veke, og ho mor fann ut at om me framleis hadde budd i Oslo, hadde me nok vore eigarar av ei syskjenvogn. Puh!
Men Oslo var framleis som heime: ) Heldigvis var det godt å kome heim til somarøya også.
Erik har hatt våkne netter og tidlege morgonar over lengre tid no, og overskotet tilforeldra er ... ikkje-eksisterande. Men no er det ferie ei lita stund. Då skal han jo sove leeenge : )
Lærarjobb frå hausten er i boks, uventa og herleg. Er ikkje så lett å få jobb rundt her, så klapp på skuldera for det. Då har eg ordentleg ferie eg også! Tjo hei!
♡


Hei :)
SvarSlettFor en fin blogg du har, og så vakre bilder du tar. Det er alltid kjekt å komme over nye blogger man instinktivt liker. Gratulerer med ny jobb, og jeg krysser fingrene for at nattesøvnen blir litt bedre :)