Frå litt under fire til ti kilo, frå sove-ete-sove til klatre-klatre-klatre, frå liten sjarmør til litt større sjarmør.
Skøyar med mange grimasar og store smil. Og eit aktivitetsnivå langt over... mitt.
Ho mor briljerte med bilkake, og guten brydde seg katten om kremen aldri vart heilt stiv.
Ikkje så "fotogen" skjorte på karen, men de skjønar kanskje at manerane styra antrekket for vår vesle fest : )
Storesystera likar å kosemose. Veslebror Erik kunne ikkje vorten betre teken i mot av Ella. No hugsar ho nok ikkje livet utan han.
Sjølv om det berre er eitt år sidan han flytta inn (ut?) til oss : )
Me ER jo heldige då, som faktisk har fått dei søtaste borna i verda! Flaks.
Gratulerar med dagen som var, kjære Erik vår!
♡





Fine Erik! Og fin kaka:)
SvarSlettNydelig sønn - bra jobbet, kone! :-)
SvarSlettBatman!! (Er vel ikke noe i veien med den t-skjorta..?) Grattis med ett år på etterskudd :)
SvarSlettSlett ikkje. Kulaste i gata med den på!
SlettHerlig med skikkelig kakemomsing, sånn ska det vera! Stilige bilder forresten! ;-)
SvarSlett