Påsken gjekk i år forbi som dagar flest, påskestemninga var verken til å ta eller føle på. Far i huset jobba kveldsvakter fram t.o.m. påskeafta, og mor gjorde det mødre gjer. Ikkje var veret til å rope Hipp Hurra for heller, så litt stusseleg var det jo. 1. påskedag derimot, kom tante Kari og onkel Jørgen på besøk, og med seg hadde dei eit svært lammelår som dei kokkelerte middag av. Det var eit HERLEG påskemåltid!
Takk for maten!
Eit par rundar med brettspel vart det også, og Ella fekk kikke litt på tante og onkel. Ein veldig koseleg dag: )
Sjølv om påska stort sett gjekk stille forbi, er jo likevel kvar dag er ein fest i Misjeheimen. Onsdag var derimot ekstra staseleg, då var Ella 1 mnd og det feira me med ein fotosession hos fotograf. Ella er jo eit veldig vakkert born! Maria tok i mot oss med mykje hjartevarme, og stort tolmod. Me syns jo Ella er vorten stor på ein månad, men ikkje stor nok til å gjere som foreldra vil. Til dømes var ikkje alle tre einige om at det ville vere søtt å ligge på magen, mindretalet vann. Med mykje skrik og skrål. Men kva gjer vel det, når veslepusen har så mange andre gode sider?! Me fekk nydelege bilete, men De må vente i kriblande spenning til me får dei ferdige resultata: )
Ella er meir og meir vaken og smokken er fast fylgjesven. Det er ikkje triveleg når den dett ut... Sjå sjølv:
Det er altså ikkje mykje mor får gjort når det er slik det skal vere... Trilling har heldigvis samme effekt, så me er stadig ute på trilletur. Friskt og godt, og de er DEILIG å kjenne sola vame att. Våren er komen for å bli, og buskar og tre har antydningar til grønskjær her i Tigerstaden. Eit herleg syn. Me gler oss til grøne, frisk blad stengjer av utsikta til Ring 2 frå stovevindauge. Og kanskje finn ein inspirasjon til å vaske vindaugo når det er så mykje fint å sjå på utanfor? Det ville vore noko!
Første kontroll på helsestasjonen er 6-vekerskontrollen. Det skal seiast at me kan gå på helsestasjonen når det måtte vere, og sjølv vege og måle. Det gjorde me på tysdag, dagen før ho var 1 mnd. Resultatet er som fylgjer:

Ho har lagt på seg omlag 900 g, og vokst 5-6 cm. Flott det!
I mai kjem me alle ein tur til vestlandet. Då håpar me at me får truffe dykk som held til der!
.jpg)
Mamma og pappa sin pus!




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vil du seie nokre ord? Så kjekt!