mandag 6. april 2009

1 Så snille de er!

Gåver og blomar strøymer inn til Ella, så TUSEN TAKK!
Takkekort med hjarteknusande bilete kjem sjølsvagt etterkvart: )



Ella er no over 3 veker, og er fullt oppteken med å vekse. Me har ikkje vore på vekta etter me kom frå føden, men så er det heller ikkje så vanskeleg å sjå og kjenne! Kvernenesnasa er i ferd med å forsvinne. Eg har ein mistanke om at svært mange born vert fødd med Kvernenesnase. Kanskje er det omvendt, at det er me Kvernenesar som har fødselsnaser?
Og for dei som framleis undrar; ei Kvernenesnase er rund og brei!

Kva har me lært så langt? Jo..
1. Det er mindre slitsamt å gå på do i tre gonger i søvne når ein er gravid, enn å amme 2 gonger.
2. Grønn bæsj er ikkje farleg.
3. Graviditetplager og fødselssmerter vert svært fort gløymd. Eg såg på ein fødsel på programmet "Sykehuset" og tok meg sjølv i å tenkje "ÅÅÅÅ, så kjekt!". Eg kan ikkje hugse at eg tenkte det då eg låg der sjølv...
4. Overraskande lite vert gjort med baby i huset, likevel går dagen fort.
5. Ella bryr seg ikkje om møkkete vindauge. Herleg.
6. Det meste kan lukte sur mjølk.
7. Ein får aldri nok sovebilete...


...eller kosebilete...



Det går framleis i soving, eting og bæsjing, men også litt skriking, særskild om kvelden. Då er dette beste medisin:



Me har også hatt mange trilleturar og mamman og pappan er svært nøgd med vogna. Heilt topp! Og så har jo Ella fått så fin heimesydd dress av Bergljot og Sven Atle. Lua er frå Kamilla & Tor Arne. Mamman har faktisk ikkje sett den bra stripematchen før no... Stilig!





Det er PÅSKE, men ikkje mykje påskestemning...


For vesle familien Misje vert det bypåske. Petter skal ha jobbepåske og Ingrid skal ha kose-med-Ella-påske. Det er ikkje så veldig mange andre att i byen. Litt kjipt var det difor at Ingrid kom for seint på at det kanskje hadde vore lurt å skaffe seg ein hobby desse dagane, like kjipt var det at siste kvardag før ei rekkje med heilagdager var våt og regntung. Det fristar altså IKKJE å gå ut på handletur. Me får heller sjå kva me har i skuffer og skåp, noko skal ein vel finne på, også dersom veret held seg som det er, altså TRIST!
I dag skal me i alle fall på middag til tante Monika, onkel Ole og fetter Konrad. Mmm!!




GOD PÅSKE, ALLE SAMAN!!



1 kommentar:

  1. Hei. Kjekt å lese blogg:) Me er faktisk i Oslo i helga, men eg skal jobbe om natta og sove på dagen...men dersom du treng selskap/noen å trille med på ettermiddagen stiller eg gjerne opp;)
    -Bergljot-

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!