Sola skein på 17. mai i år! Véret var faktisk heilt perfekt, og som sagt, så skal ein ikkje kimse av véret på 17. mai. Ikkje når ein er vérsjuk slik underteikna er. Pappa Bjarne har prøvd å lære meg i mange år at det ikkje nyttar å vere vérsjuk, det kjem ingenting godt ut av det. Eg HAR lært at dette stemmer, men det har likevel ikkje gjort meg friskare frå denne plaga.
Tilbake til den strålande nasjonaldagen.

Oslo var i nasjonalrus, mykje takka vere Alexander Rybak og fela kvelden før. Til og med eg såg Grand Prix-finalen. Det er nokre år sidan det var vårens høgdepunkt. Og i Oslo var det altså ei nasjonalkjensle berre amerikanarane kan toppe. Klokkene i Oslo Rådhus kima "Fairytail". Også Petter, som for øvrig heller vil bli trampa på av sinte oksar, enn å høyre på denne låta, måtte sei seg imponert over denne annerkjenninga.
Det var diverre ikkje Petter Misje som stod bak denne landeplaga (denne gongen?), så me bles i heile feleguten og fann oss ein plasttrompet i staden.
Bunaden kom på den. Sånn akkurat. Men bunadspolitiet hadde nok putta oss lengst inne i kasjotten. Me var ikkje dei blankaste knivane i skuffa kan ein seie! Sølvet skal pussast betre til dåpen...

Festfrukost hos Ingunn, Niklas og Nora, saman med Elisabeth. God mat, godt stemning og ei rekkje fedrelandssongar vart sungen. Nora hadde lært dei i barnehagen, me andre måtte fram med sangboka.

Me fekk ikke sett dei krona denne 17. maien. Me haldt oss på Grünerløkka der me etterkvart fekk vite at kongen og kona faktisk skulle opne ein paviljong. Så me satte oss ned på ein benk med god utsikt til paviljongen og lot sola erta ut freknene. Der var liv, leven og kjentsfolk me ikkje har prata med på lenge. Landsherskarane lot derimot vente på seg. Idyllen tok slutt då nokon etterkvart sette opp ein pyramide med blikkboksar eit par meter framføre benken vår. Risposar og jallande blikkboksar flagra mellom vognahjula, og Ella vart lettare irritert. Den utpompa melka var det også slutt på, og Fitjarbunaden er ikkje akkurat ammevenleg.


hellandussen for en nydelig liten 17.mai-prinsesse!!! skikkelig søtnos, altså :)
SvarSlettJa, til å ete opp : )
SvarSlettOg det er det ei i fredrikstad som er også!!