lørdag 16. mai 2009

0 Minna strøymer på...

Med 10 år i korps på baklomma, har 17. mai brent seg fast meir som ein dag med plikter, enn noko anna. Barnas dag du liksom. Opp før fuglane for å spele i hagane i bygdeNoreg. Dessutan er det sjeldan koseleg vér denne dagen, syns eg å hugse. Korte uniformsskjørt og kalde messingsinstrument, gjorde tær og fingrar småblå.


No skal det seiast at eg har hatt dei siste ni 17. maiane på å skape nye tradisjonar på, og eg kan vel også hugse at sola har varma nokre av desse dagane. Årets 16. mai derimot, er den fyrste som mor, og eg kjenner stresset kravlar seg bortover nervetrådane. Bunadsskjorter skal stivast og strykast, sølvet burde vore pussa, kvar er bunadsskoa?, Ella skrik, ho har trylla bort smokken att, blondekjolar med rynker tar all æve å stryke, mat skal ein ha!!, og kva skjer eigentleg i morgon??
Eg ser for meg bunadar som heng på rad og rekkje, bunadssølvet ligg og blinkar, nykjøpt sløyfeband og stive, blendakvite skjorter heng klare. Men mor mi jobbar ikkje her...

Flagg og sløyfe til Ella er kjøpt, men eg trur ho bryr seg katten. Heldigvis veit ho ikkje om plasttrompetar og gassballongar enno.

Med ein mann som måtte springe på jobb to timar tidlegare ettersom 16. mai er stappa med tradisjonsrike fotballkampar som skal sendast og streamast (jadda, eg er inne i vokabularet) til norske fotballidiotar, er det einskilde oppgåver eg kjem til å "gløyme". Tida strekk ikkje til. Eg skulle vel ha byrja i går...
Husmorgenet vert forhåpentlegvis styrka med tida.

Ella har sovna, no gjeld det å ikkje hoste. Og stryke stille...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!