Me skal ikkje på interrail, men heim til sommarøya. Eg må heim å vise Ella kva sommaren eigentleg dreier seg om. Sjø, holmar og FRISK luft.
Så får me håpe at været held seg fint på vestlandet også, i Oslo er det meldt skyhøge temperaturar. Det er ikkje ofte ein ynskjer dei skal gå ned, men denne varmen gjer meg litt koko. Ella ser ut til å takle den fint, heldigvis. Ho søv masse, og ligg elles og pludrar og kosar seg.

Pappa Petter må jobbe i finveret. I dag har han ein 12-timarsdag. Stakkar pappa Petter. Men det blir jo smør på brødskiva av det, då! Og kanskje ein ekstra duppedings eller to.
Eg og Ella var så heldig å bli invitert på middag til onkel Ole Heine, tante Monika og fetter Konrad. Dei er flinke til det. Invitere. Og å lage middag.
I dag vart me invitert på fiskepinnar, og eg kjende meg litt opprømd over at også desse folka kunne ha så "primitiv" kost som fiskepinnar til middag. Men eg burde jo visst betre, dei var heimelaga... Beste fiskepinnane eg har smaka! Mmm!! Gledar meg til matbloggen vert feit og god, Ole Heine!



Kule bilder (de øverste), de av Ella er meir i gata fine :)
SvarSlettMatbloggen veks og veks for kvar dag. Det er berre å kikke innom for de som vil det.
Brukernamn Konrad
Passord Kvernenes
og ka ti er snart...? Er du på Fitjar nå kanskje? Me er i Danmark, men skal til vestlandet ein gang i neste uke. Fyst te Stavanger, og så får me se ka me finne på....
SvarSlett-Bergljot-