Det byrja med Petter. Han var groggy då me skulle i bryllaup på laurdag. Ettersom eg var "kokke" under middagen, vart Petter meir barnevakt enn gjest. Ella fekk ikkje sove, så Petter trilla og trilla i den kalde lufta. Tapre pappan som satte helsa på spel ; )
Så han vart sjuk. Og så balla det på seg då, kan du vite...
Ikkje noko godt å ha ein sjuk liten pus. Eg gler meg til me kan kose oss med kakao og bollar på slike sjukedagar...
Helsevesenet i Kristiansand (les: Runar), lo godt av meg då eg klaga litt på helsevesenet i Oslo pga "manglande" oppfylgjing. Eg skal sei meg einig i at eg kanskje tok litt hardt i, men er ein fyrstgongsmor så er ein fyrstegongsmor. Kvart gram interesserar meg og kvar cm gledar meg. Slik er det berre.
Så i går var me på 3 mnd kontroll. Vesle tulla (jmf. Maren) er rett under 6 kg og ligg midt på gjennomsnittet (ho er jo sjølvsagt over gjennomsnittet søt og god!).
Vaksina ville helsesøster vente med ei vekestid ettersom ho var så forkjøla. Ella altså.
På onsdag var eg spontan. Det var lenge sidan sist. Kamilla hadde ekstra billetter til Mamma Mia på Folketeateret (gamle operaen), så eg fekk med meg ei fargerik forestilling til ein svært billig penge. Tusen takk, Kammis!

Bilete henta frå www.folketeateret.no
Heime hadde ikkje Petter fått konsentrert seg så mykje om landslagskamp som han kanskje hadde håpa. Ei forkjøla lita jente var ikkje særskild interessert i flaska, det lovar ikkje så bra for ho mor som skal ut på vift igjen på fredag. Då er det middag med jobben. Avskjedsmiddag for min del då.
Til helga vert det hyttetur til Hvaler med Ole Heine, Monika og Konrad. Søndag til tysdag for vår del, ettersom Petter sjølvsagt må jobba.
Ellers har bloggen ved ei feiltaking vorten blå og ornamental. Det får vere ei overgang til ein meir sommarleg blog. Så får me sjå kva tid det vert tid til å fullføre stemninga...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vil du seie nokre ord? Så kjekt!