søndag 4. juli 2010

1 4th of July, baby!

Med ein liten amerikanar i magen... HAHAHA, nei, DET vart feil. Men så moro at det får stå!
Eg har ingen amerikanar i magen!! Promise!


Uansett, ein eller anna stad i kroppen min (eg trur me seier i HJARTA, eg) bur det ein liten amerikanar. 
Sjølv om det i prosentandel vert mindre og mindre, har eg likevel budd ein liten del av livet mitt i junaiten. Eit fantastisk morosamt år mellom flate maisåkrar i Minnesota. Og kortare besøk har det jo vorte både før og etterpå. 

Petter er jo fødd i Houston, Texas! A real American cowboy even!
Og det igjen gjer vel i teorien Ella til MINST halvt amerikansk.


Me skulle gjerne reist over årleg, meeeeen det skjer jo ikkje. 
Me har ein liten draum om bubilferie gjennom statane. Om ikkje alle, så i alle fall ein del av dei eg ikkje har besøkt til no. Eg har framleis mange av dei STORE serverdighetane til gode som Grand Canyons, Grand Prismatic Spring i Yellowstone, Niagara Falls.. Eg ser jo at den bilturen kan bli lang : )

 

Happy independence day, friends and family!

post signature

PS: I denne anledning oppfordrar eg til å trykkje på oversettjingsknappen i høgre kolonne. Det gjer ein god latter. Eg trur ikkje google kan nynorsk...
PSS: Joda, eg er fullt klar over at blomane i forrige innlegg ikkje var lavendel, sjølv om eg faktisk har trudd det lenge... Men det var frå avstand. Eg vart faktisk ganske skuffa, for eg skulle ha dei til tørk og få god lukt og godt møllmiddel.
Men det var noko anna lilla greier...

1 kommentar:

  1. Hei:)
    Mange kjekke innlegg her, hvor kjøpte du tutu? Ella sitt hårbånd var så mye finere synes jeg.
    Emilie er 18 mnd, så et halvt år eldre?!

    Klem Tonje

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!