Det har vorte litt innetid i det siste, ikkje minst her i ville vesten.
Det bøttar ned...
I Kristiansand hadde me i grunn veldig mykje sommarver, men små ballerinaer dansar som regel best inne likevel.
Ella hadde med seg tutuen sin frå Oslo (eg meinar, me har jo BIL), og den falt svært godt i smak hos minstemann i Kristiansand. Ho spann rundt på golvet som ei elegant Duracellkanin.
Og ei ballerina kjem sjeldan åleina...
Brått var det 3 stk roooosa, søte jenter som snurra rundt.
Her kan eg få nokre bedårande blinkskot, tenkte eg. LETT!
Men HALLO!
Det var jo spinnvill stemning i stova. Bokstaveleg tala.
Herleg!
♥
.png)
.png)
.png)
.png)
.png)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vil du seie nokre ord? Så kjekt!