mandag 8. november 2010

1 Jumpsuits

I mangel på god haustlektyre frå mi side, sender eg ut ein sval sommarbris i staden. I skrivande stund prøver å hugse kor godt sola varma og bruna... men får det ikkje til. Kanskje fordi sola ikkje virka som det skulle i sommaren som var. Eller kanskje fordi hjernebarken er frossen etter å ha vore ute i minusgrader i sommarjakka...


Vinterjakke er noko eg ALDRI finn. Eg kan ikkje hugse sist vinter eg var godt nøgd med vinterjakka mi.
Seinare i dag skal me derimot på Smart Club og kjøpe meg termodress. Ikkje til kvardagsbruk, men absolutt til turdagar med 1. trinn gjennom haust og vinter. 


Det vart ein del jumpsuits på symaskina i sommar. Både i størrelse 1, 2 , 6 og 8 år. 
Ei til kvar av kusinene.
Lette og deilige sommarbukser til store og små, med strikk nedst så den kan brukast som kortare bukse på varmare dagar (og gjerne med ballerinaskjørt!)
No er det november allereie og buksene er nok for små for heile gjengen : )

post signature

1 kommentar:

  1. Løye...Satt nå å tenkte på om eg sko setta i gang med å sy jumpsuit med vaffelsøm te Eiril så hu kan bruka te neste sommer..... og så sko eg bare stikka innom her å sjekka om det va komt någen nye innlegg - og ka ser eg?!? Masse fine jumpsuits!!Tar det som et tegn eg;)
    B

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!