søndag 21. november 2010

1 Kosemosesøndag

Laurdag, i går altså, hadde me koooseleg bursdagsfeiring! Heimen var pakka av gode vener. 13 vaksne og 6 born er nok på 55 m2 : ) Kanskje har me fått stort fint hus når eg når 35 år, så då kan eg invitere mange fleire, ikkje berre Ring 3-venar : )


Me vakna ti på ti i dag! Heile gjengen. Nei, Ella  sov IKKJE heile natta! 
Men då er me jo heldig at det ikkje er morgon kl. 07:00, eller det som verre er, uansett.
 Pappa P fekk den glimrande idéen at Ella skulle droppe kvila si ettersom ho hadde sove så lenge på morgonen.
Det enda med at Ella sovna i kveldsgrautfatet.
Ein kan sei at ho mor fekk hjarta i halsen då ho fant Ella hengande med hovudet i tripp-trappen. Rett bort og sjekka puls og pust! Så veit me at DET instinktet er på plass i alle fall...


Men me har kosa oss mykje mellom morgon og kveld! Frukosten bestod av luksussnittar frå gårsdagen, nam nam! Så lesekos, peiskos og ballongkasting : ) Endeleg, etter veker med lange arbeidsdagar: ein dag utan planar, berre fri og berre Ella. Jaja, pappa gjekk på kino då. Så då gjekk eg og Ella på lagersal av garn. Kanskje ikkje kjempelurt. Stikkorda er kø, kaldt og dyrt. Forhåpentlegvis vert det noko fint ut av det. Eg skal byrje i kveld: )
Skulle ikkje forundre meg om de får sjå resultatet når den tid kjem!


Her kan de forresten sjå to av dei tre gyngande tinga eg kjøpte på finn.no for ei stund tilbake. Gyngestolen (frå finaste Frogner, men made in Skudenes) var i noko oljebehandla tre, men har fått eit par strøk med kvitmaling av meg. Den treng eitt strøk til.
Planen var å male hesten (made in.. the 70s) også, men den må pussast ned først, og den tiltakslysta har ikkje funne meg enno.


Og kan eg verkeleg male over eit blikk som dette...?


I skrivande stund skulle ein tru at Ella søv godt i senga si, etter ein lang og god kosedag utan kvil, ikkje sant?
Slik er det ikkje.
Ho hadde ein liten dupp, som altså starta i grautfatet, men etter ein liten time var det tut og køyr att. No er ho lagd for andre gong.
Kaaanskje me no kan driste oss til å ta fram kakerestane frå i går?
Eg prøver...


post signature

1 kommentar:

  1. Herlig lesning og FLOTTE bilder!! Håper de fekk ein roleg natt. Me har nokre turar med våken gutt her også. Ein til to timer kan han vera våken på natta, men som oftast leikar han i senga uten særlig bråk. Og godt er det. Vi skjønar at han har vore våken når han søv til åtte om morgonen.

    Håpar de får ein god dag! Klem!

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!