lørdag 5. februar 2011

0 Eg pustar. Att.

Ja, dette var lenge borte. Skulle neste tru eg reiste bort sjølv. Og det gjorde eg for så vidt også. Eg fekk influensa og reiste til stakkars-meg-land ei lita veke.
Stakkar Pappa P og Ella kom heim til ei mamma som ikkje virka.
Men torsdag var eg tilbake på jobb, og det fekk eg enda litt meir energi av. For dei ER jo veldig søte desse elevane mine! Eigentleg.

Og oppi det heile har eg fått denne av skjønne I M med bloggen Morgenstemning
Med denne awarden fylgjer det nokre oppgåver: 


Ta opp nærmeste bok, bla opp på side 18, kva står det på linje 4: 
..fighting the borders.. (Jonatan Safran Foer: Tree of codes)   

Kva var det siste du såg på tv? 
Laurdagssport på NRK1        
                         
Bortsett frå pc-en, kva høyrer du nå? 
Langrennskommentatorar  
                         
Kva tid var du sist ute og kva gjorde du då?
Var på jobb i går... Men i kveld skal eg på hyggjeleg samkvem med damene på trinnet på jobb :)
  
Kva har du på deg no? 
Det kan UMOGLEG vere interessant, eg har ikkje handla sidan tidenes morgon. Jeans, kvit topp og grå cardigan. Høyres kanskje fresht, eg lovar deg at det er det ikkje.  
              
Kva for ein film såg du sist? 
Toy Story 3. Eller var det The Social Network?  
                      
Kunne du tenke deg å flytte til utlandet? 
Ja.

Ellers kan eg fortelle at eg byrjar å gå rimeleg lei vinteren, og GLEEER meg til våren.
Veret er kjipt, lyset er kjipt og eg er kjip når eg byrjar å tenke på dette.
Måtte februar fly forbi!



post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!