I skrivande stund burde eg skrive rapportar og førbu foreldremøte, men som alltid så skyv eg det framføre meg litt til. Den komande veka skal bli god å bli ferdig med, ikkje minst fordi vinterferien ligg og ventar på andre sida av helga! Hei hurra! Pappa P skal jobbe jobbe jobbe, og Ella og eg tenkjer oss vestover.
Denne helga har me kosa oss mykje rundt eit bord i noko som må vere bra nært mitt draumekjøken : ) Diverre er det ikkje mitt, men gode K og TA i Fredrikstad sitt. Det var ei fryd å sjå kor fint det var vorte!
Og ikkje minst ei fryd å sjå kor småjentene storkosa seg saman der dei sprang rundt og rundt som små indianarar : )
Takk for ei god helg, kjære vener!
♥


Kva tid kjem de vestover??? Me vil ha besøk! Men dessverre så har jo me vinterferie ei veka seinare....men ein ettermiddag eller kveld får me vel kanskje til? :)
SvarSlett