Det har i grunn vore mykje ventetid dette året. Men broreman er me ferdig å vente på, no er det jula.
Etter to veker i sol og kjole, og heim til storm over store delar av landet, låg ikkje akkurat julestemninga og venta med opne armar.
Men den kjem sigande. Stjerna lyser i vindauga, ein juleblom har flytta inn på spisebordet og seint i går pakka eg og pappa P inn 24 pakkar til Ellasnuppen sin adventskalender.
Me tenkte at det har vore nok snop og sjokolade i ferien, og det vert nok ikkje mindre i jula. Gåver vert det nok flust av også, så årets kalender, og Ella sin fyrste i det heile, er fine sangkort. 24 julesongar me kan synge saman fram mot jul.
Og stor stas var det, både å opne og å synge: )
Dagens "Tenn lys" vart akkompagnert av nydeleg gitarspel frå pappa P. Om de vart nyfikne på kor vakkert arrangementet eigentleg var, kan det sjå (og ikkje minst høyre) på Silje som tenn adventslys på Barne-TV/NRK Super på søndagar i adventstida.
Så fekk me reklamert litt for flinke pappa P også : )
♥



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vil du seie nokre ord? Så kjekt!