søndag 4. desember 2011

2 Å vere dotter til ein båtbyggjar

har aldri vore eit minus. No trur de kanskje eg skal skryte av meg sjølv, men det skal eg jo sjølvsagt ikkje.
Morfar B fortener derimot mykje skryt i kveld: )
Broremann fekk tidleg denne Leander-vugga, kjøpt for pengar frå farmor og farfar. (Tusen takk, farmor og farfar!)


Vugga var eit funn på Finn, og kom utan stativ. Nytt stativ kostar litt for mykje, spør du meg, så eg gjekk og kjøpte tre stk trestokkar og leverte dei til morfar (pappaen min, altså), smilte så fint eg kunne og fekk eit smil tilbake med det same.
Resten av konstruksjonen lot derimot vente på seg (frykteleg travel mann, han der morfar), men i skrivande stund ligg broremann i hengevugga si og søv...


Og eg spara rundt 940,- : )

Eg vurderar å male beina kvite...? Og det skal også vere ein sengehimmel til den, men den har gått seg bort i ammetåka. Eg veit derimot kvar eg har storesyster sin gamle sengehimmel, så den skal eg få ordne ASAP. Skal ikkje sjå bort i frå at eg kjem med fleire bilete frå sovekroken etterkvart.


Tusen takk, morfar!


post signature og Erik!

2 kommentarer:

  1. Her var det mykje eg hadde gått glipp av!

    ELSKAR ELSKAR ELSKAR kjøkkenet ditt!! Så fint det vart! ♥ Og lampen... *dån* :p
    Smekkert rett og slett!

    Heldig du som fekk laga stativ! Me har (som sagt) eit digert hol i taket med ein krok i.. Og ein gut som absolutt ikkje, på nåken som helst måte vil sova i vogga... Fint det...
    Kan eg legga deg til i "blogglista" mi, eller? ;)

    Klem til deg!

    SvarSlett
  2. Så stilig den var då! Flinke han pappen din, men da visste eg jo.... :)

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!