Den nye hytta på Flatholmen veks i rykk og napp. Arkitekt Anne Britt Tornes har teikna den inn i landskap og hyttetun, og fagarbeidarar byggjer under godt oppsyn av prosjektleiar Min Far : )
Det er faktisk ganske utruleg at denne er på veg opp, ettersom det omtrent er umogleg å få opp nybygg i skjærgården i 2012. Denne vert bygd på gammal grunnmur av sauefjøs og uthus som høyrde til tunet der min morfar vaks opp frå 1913.
Hytta er bygd i sibirsk lerk, og skal ikkje malast. Den vil gråna med tida, og gå endå meir i eitt med naturen rundt. Dei store vindaugo speglar hav og himmel og slepp inn masse herleg lys i stova og på hemsen.
Siste framskritt er isolering og straumopplegg, ikkje heilt ferdig, men undervegs. Så er det kledning av veggar og tak som står for tur.
Grunnarealet er rundt 40 m2, nede vert det inngong, bad, eitt soverom med dobbelseng og stove med open kjøkkenløysing.
Oppe er det eitt soverom og hems. Mange sengeplassar om ein ynskjer.
Det skal opp ein mur av naturstein rundt delar av hytta. Over inngongpartier er det glasstak som bind saman hytte og "anneks". Steinmuren der er original. Dette tilbygget vil fungere som lagringsplass/bod/matbod, men kan også romme ekstra sengeplassar. Her vert det ikkje straum.
Gamlehuset treng litt oppussing, men det må nok vente litt til. Blikktaket skal nok bort, og kanskje vert det kvitt for å få meir heilskap i tunet?
Eldre innlegg om hyttebygging på Flatholmen finn du her.









Det blir så flott! Gleder meg... :-)
SvarSlettWOW!!! INGRID, dette er IDYLL!!! Hm...kanskje en jentetur dit??? Flinke, flinke pappan din.
SvarSlettAbsolutt, Jorunn!!
SlettWOW sei eg og, virkeleg flott hytte og beliggenhet!!! Heilt herleg:-)
SvarSlettTakk for kommentar(ar) hihi, veldig koseleg! Gleder meg villt til prinsessa er her,
ikkje lenge att no.
Ha ein fin dag!
Klem Marianne
Wow - dette var fint! Heldiggrisane! Fekk verkeleg lyst til å bygge hytte s jølv no. Og sjølvsagt kopiere alt herfrå, til og med skjærgården. :)
SvarSlettHei! Så herrlig hytte dere får..heldige dere !!!
SvarSlett