mandag 2. april 2012

1 Made in bhg

Nokon meinar det er stygt.  I alle fall meinar Halvor Bakke det, interiørflink som han er. Ikkje eit vondt ord om Halvor Bakke, hans synsingar om stygt og fint matchar godt mine, men han syns ingenting om barnekreasjonar. Det gjer eg.


Kanskje er det fordi Ella akkurat har byrja og kome heim frå barnehagen med meir enn skrablerier av "noko" (jmf. Ella sjølv), og dette er heilt nytt og eit lite hopp i mi korte karriære som mamma?
Kanskje er det fordi kunst- og handverkspedagogen i meg ser finkoordinasjonens utvikling og medfylgjande stigande sjølvtillit hos bornet? 
Kanskje er det fordi eg generellt set stor pris på det handlaga?


Eg vert i alle fall varm om hjarta og sprudlande stolt når Ella kjem springande mot meg med små, gule fjærkre og ropar "sjå kva eg har laga til deg, mamma!" Og eg syns den er FIN (trur i grunn eg har dei fleste mammene med meg på denne).
Så kva om det dett av eit auga i farten? Plukk det opp og lim det på att.
Eg plukka av resten med det same, og limte det på på nytt att med ein litt mindre barnevenleg lim enn den dei brukar i barnehagen. Så held det i mange høgtider framover : )


post signature

1 kommentar:

  1. Han er superfin! Eg kom akkurat på at påskepynten Magnus har laga i barnehagen sikkert ligg i barnehagen enno :( sidan me tok litt tidleg påskeferie...

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!