torsdag 19. februar 2009

1 Her går det framover...

..både svangerskapet og magen. Ein skikkelig struttemage og endeleg er eg så langt på veg at folk ikkje lenger seier "HÆ? Ikkje meir??" når dei spør. I dag er det 2 veker til termin og då skal ein gjerne være litt svær. Ekstra svært blir det når tutta ikkje vil nedover, men ligg godt opp i ribbeina. Dette gjer det også vanskeleg å utføre diverse rørsler, som å bøye seg framover.
Jordmora var ikkje veldig bekymra, men ville likevel sende meg til ein sjekk på Ullevål på tirsdag, så då blir det ny ultralyd. Så får me sjå ho igjen også! det blir kjekt. Men meininga er å sjå størrelsen på ho, og i forhold til bekkenet. Om størrelsane ikkje skulle passe saman, blir det jo keisersnitt. Ut må ho jo uansett.

Så kva gjer Ingrid med stor mage? Tek bilete blant anna.. Me kan jo kalla kunstverket:

"An egg with legs"


Tekne frå min synsvinkel, ja...

Ellers har eg strikka litt, det siste er denne vesle Fanabodyen:

Ellers ha eg strikka ein køyredress som skal vere passeleg i starten, og ei jakke som nok vert brukt til hausten. Og litt andre småting...



Og så har me jo mi kjære mor som det støtt og stadig kjem heimalaga gåver frå. Det er ein fryd å hente posten på slike dagar! Litt har eg jo vist tidlegare, men det nyaste skal ho også ha minst like mykje skryt for. Nyyydelege ting, strikka med mormors kjærleik: )




Litt rare fargar på bileta, but you get the point, right?

Soverommet og babykroken der byrjar det også å bli orden på, men det får me ta ein anna dag.

1 kommentar:

  1. FANTASTISK morosame bilder av din synsvinkel!!!! Eg må sei eg lo godt (og kjente meg igjen). Og så skjønne babyklær, både du og mor di er kjempeflinke - ingen tvil om det:-)Me talast, bolla! Klem Terese

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!