mandag 9. februar 2009

1 Permisjon!

Så har permisjonen så godt som starta. Eigentleg ikkje før torsdag, men stillinga mi har ikkje vore større enn 15% (!) siste tre vekene, og timen eg skulle hatt denne veka går ut pga skidag - og heldige er dei som får skidag, Oslo er eit postkort i dag med sol, ein halvmeter snø som kom i helga og 10 minusgrader. Kaldt ja, og glatt - og sjølvsagt kaos i kollektivtransporten så eg har heldt meg inne og kikka ut gjennom vindaugo som absolutt burde vaskast... Eg tok golvene og klesvasken i staden. Så no er alle husdyra borte - for ei stund.
Ryggen sa at det var nok for i dag.

(Husdyra)

Ellers må eg få vise noko av det me har ordna. Petter og eg har jo etterkvart god erfaring å få mykje inne på liten plass, så BRIO vegghengt stellebord er nok tiltenkt slike som oss:


Akkurat nok ståplass til å rekke vasken. Heilt topp. Me har også fått oss bleiebøtte. Jadda. Gratis. Hjelp ikkje på plassen, men er ho praktisk får ho stå.

Ellers fekk me stappa full Norgespakke frå kommande mormor med MASSE fint oppi, her ein del. Finast av alt var sjølvsagt strikka jakke, strikka teppe og sydd vognteppe. NYDELIG! Tusen takk: )




Og då kan me vel sei at namnet er bestemt: ) Ella fordi me likar det, Marie fordi det klinger fint til Ella og fordi farmor/bestemor (?) heiter Maria og skal få sitt fyrste borneborn.

Sprinkelsenga er oppe, men framleis full i rot. Noko veit eg kvar skal, noko anar eg ikkje. derfor er det ikkje fiksa enno. Men sjølvsagt skal eg vise fram sovekroken etterkvart også!

1 kommentar:

  1. Åhh..så kozelig blogg!Sitter her och flira för mig själv;-)Ni er så morsom!Tenk att dere snart har en liten jente i hus!!;-)Jenter er att rekommendera alltså!!Gleder oss masse till lilla Ella Marie har landat!

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!