Det har vorte meg fortald at mykje halsbrann kan tyde på at bornet i magen har mykje hår. Halsbrannen har teke seg betraktleg opp i det siste, og kven veit korleis dette bornet kjem til å sjå ut... Nattesøvnen vert i alle fall kutta kraftig pga dette saman med hyppig doflyging, og eg trur ikkje største utfordringa ved å bli mor vert å stå opp om natta. Dei lengste søvnintervalla, sidan desember, har vel vore på 3 timar, så då skulle eg vel vere godt inne i ammetidsmodus.Så kva fann dei ut på Ullevål på tysdag?
Først av alt: Ella Marie er garantert Ella Marie. Så då kan me slappe av med alt rosa me har av klede og utstyr, og bloggen kan framleis få vere lavendel ei stund til.
Dette er grunnen til at eg vart sendt til vekstestimering. Dette er størrelsen på magen gjennom svangerskapet. Den raude linja er gjennomsnittet, det grøne feltet er normalen, dei svart prikkane er meg. Tre ting spelar inn: formen på magen, fostervatn og størrelsen på bornet. Struttemagen var jo eit faktum, no er også mykje fostervatn og ein goood størrelse på bornet også det. På tysdag, 9 dagar før termin, vart ho estimert til rundt 4 kg, og vil då liggje på 4200-4300 g til termin. Ein normal stor baby og sikkert som forventa ettersom både eg og Petter var over 4 kg sjølv. Likevel synger det SVÆÆÆÆÆR i mine øyre, og eg får enda mindre lyst å gå over termin. Om det ikkje skjer noko til tysdag 10. mars, skal eg tilbake på ultralyd og ny sjekk, og dei bestemmer då om eg skal, evt kva tid eg skal, settjast i gong. Eller fødselen då, eg er jo i gong, det har eg vore i 28 år...Best av alt er det jo om alt startar av seg sjølv, og det kan det godt gjere på søndag, syns eg. Då er det mars og eg har bestemt at eg skal vere klar.
Dagane går jo dei. Litt cafebesøk, diverse jordmødre skal besøkast, små ærend rundt omkring, men i dag tek eg det roleg ettersom bekkenet skranglar. Eg har strikka ferdig siste prosjekt, selbuvottar. Eit resultat av spanande TV-sport og litt for lite sjekking av strikkeoppskrifta. Mykje småfeil altså, men det trur eg i grunn Ella bryr seg katten om.


No manglar ho berre ski. Forhåpentlegvis er dei på beina når ho vert fødd...
Ellers har eg prøvd å gjere det enklare å leggje inn kommentar for dykk, det er ein del som har hatt problem med dette. Prøv ein gong til, og gje ein lyd om det framleis ikkje går.
Kjempekoselig å følge dere i den spennende fasen som holder på å forandre hverdagen deres forever :-) LYKKE TIL :-) Klemmer fra meg øverst i "Stølane" ;-)
SvarSlettSå skjønne! Forstår du venter, eg gjer det og... Gleder meg til å få møte babyen din, Ingrid. Vi avtalte ikkje nytt møte i "klubben". Tenkte at neste gong skal vi møte deg og den lille:-)
SvarSlett