torsdag 12. mars 2009

1 Ping-pong...

Så vart det ikkje action i dag heller...
Møtte opp på Barsel A på Ullevål kl. 08:30 (ok, 08:35, litt vår feil og litt rushet) for kur/igongsettjing med pakka bag og nistepakke. Etter ein ny kontroll på tysdag fann overlegen ut at det var det beste. Dette var ikkje underlegane (?) einige i då eg kom i dag.
Dei hadde kikka på papira mine og diskutert tala frå ulike undersøkjingar og funne ut at noko var rart og sa "me har litt vanskeleg for å tru at du har ein 5kg-baby i magen" og det måtte eg jo innrømme at eg også hadde, ettersom det var eit tal som aldri har vore snakk om framføre oss... Men det var visst det dei fekk ut av dei siste tala. Så då vart det nok ein ny ultralyd, som fekk lavare tal enn det igjen, og altså ikkje store nok til at det var noko særskild grunn til at jenta treng å komme ut heilt endå. Det var derimot begynt å minke på fostervatnet, så me skal tilbake på laurdag til ny sjekk. Om alt er det same som i dag, er det ny att på mandag. Om alt er det same då OGSÅ, får me ein dato for kur, for då har me kome ut i veke 42 og går etterkvart på ordentleg overtid.
Så alt i alt er jo ting vel og bra, men det hadde vore betre om ikkje systemet sendte oss så mykje hit og dit. Når eg har tenkt meg om er jo dette sjølvsagt heilt greit, men me var jo ganske forvirra då me måtte tusle heim att med alt pakket vårt i 12-tida i dag...
Me vil jo helst at ho skal komme sjølv!! Magen har stort sett vore ein lang kynnar i dag, og ikkje heilt smertefri, så me kan jo håpa..

Det var jo litt koseleg å ligge i ventesenga og høyre på skrika frå dei minuttgamle babyane nedover gangen på barselavdelingen. Gler oss til å høyra vår knott: )

1 kommentar:

  1. Uff, stakkars... eg veit kor det er å gå på overtid (og eg hadde ikkje dette styret med måling av mage osv. i tillegg) Det er kjedeleg, men det er rett før no - så du får berre glede deg. Eg gler meg eg også! Klem Terese

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!