Søndag 15. mars 2009 kl 04:25 kom ho ut til oss, etter ein fødsel som endeleg starta litt av seg sjølv laurdagsnatta med smårier. Me hadde time på Ullevål kl 09 ettersom det minka på fostervatnet, og i motsetning til torsdag, vart me ikkje send heim denne gongen. Det var på tide å få ho ut. Riene tok seg godt opp i 18-19 tida, og frå den tid til epidural klokka 00:45 var det berre vondt. Sånn som det skal vere. Fekk eit par timar å samle litt energi på, og var klar for å hjelpe ho ut når ho ville ut. Og ut kom ho. Stor og fin. 4118 g, 52 cm lang og for dei interesserte: 38 cm rund hovudet. Siste info i perspektiv (og sympatisøking): legen fortalde at han kunne telje på ei hand kor mange born som vart fødd på eitt år med større hovud enn det... Vondt? Ja. Men det er nesten gløymd.
Petter fekk masse skryt av jordmor for å vere god tolk. Den fødande hadde ikkje alltid like lett for å uttrykkje seg forståeleg...
Så viste det seg at Ella var fødd med noko som såg ut som infiserte spottar på huden, nokre var også tørka ut, så det såg ut som det var på veg til å gå bort. Ein bakterie hadde nok forvilla seg inn til ho. Alle prøvar gav fine resultat, ho oppførte seg friskt og fint, men dei ville likevel ha ho på intensiven første døgnet. Etterkvart fekk me ha ho på permisjon på barselhotellet. Ho måtte berre tilbake no og då for blodprøvar.
Dei fann ingenting gale, og ettersom me ikkje har høyrd noko til no, reknar me med at den siste bakterieprøven også er fin.
No er utslettet så godt som borte.
Så kva går dagane i? Soving, eting og bleieskift. Det seies at spedbarn har alt frå 1 bæsjebleie på 10 dagar til 10 om dagen, me har den siste typen... Gjerne eit par gongar på stellebordet under bleieskift også. Ironisk nok klikka vaskemaskina på fyrste vask etter me kom heim frå føden. Forhåpentligvis har me litt flaks i og med at reklamasjonsretten går ut i sommar.
Litt besøk har me også hatt. Mormor var med frå føden og heim og laga middag, vaska golv, baka kaker og baka brød (1000 takk, igjen!). Andre har også vore innom for å helse på Ella, og me trur dei likar ho dei også: )
Formen til mamma Ingrid er framleis ikkje på topp, men den er absolutt stigande, det er herleg.
Pappa Petter har hatt sin fyrste arbeidsdag i dag, han har vore sterkt sakna. Fri att i morgon, men så er det kveldsvakter resten av veka, også helga. Det vert litt trongt å ta to veker permisjon utan løn.
Kven skulle tru at denne vesle oppdateringa skulle ta to dagar å fullføre. Eg anar korleis livet som småbornsforeldre vert...
Til slutt eit utval frå skrytesida der Petter stadig legg ut nye bilete HER.
Bileta på denne sida er tekne med iPhone, så kvaliteten er ikkje den beste, men gode nok for små smakebitar ; )

I nystrikka hentesett frå mormor, klar for å reise frå barselhotellet.

Vaken og vakker. Og blå årer i panna frå alle blodprøvane...

Sleeping beauty
Nthååååå! Så skjøøøønn! Klem frå tante Bodil, Maren og Mathea
SvarSlettDenne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettHei! Gratulere med fine jenta!! Så koselig å komme innom bloggen dokka. Litt feil den første kommentaren. Automatisk innlogg på Asgeir. Håpe livet dokka e bra! Klem Gry
SvarSlett