søndag 18. oktober 2009

2 Kald på nasa, varm i hjarta!

Hausten har vore heilt fantastisk her i Oslo. Veldig lang, ettersom den starta i juli, men dei siste vekene har den verkeleg satt inn støtet. Dei fargesterke blada syng sin svanesong, og kald vind lurar seg ned under kragen.


Mor Ingrid "treng" nok ei ny vinterjakke, ja...
Ella er pakka inn i ull frå innerts til ytterst, og sit godt planta i lammeskinnsposen. Med nystrikka lue frå mormor er ho til å ete opp!


Det har vore ned i 2-3 grader, men sola har stort sett smila breidt, så då er det berre deilig å vere ute på tur. Klart, ein saknar ei eiga ytterdør ein kan settje vogna med sovande Ella utafor. Om ho sovnar når me nærmar oss heime, er det berre å ta seg ein ekstra runde eller settje seg i bakgården. Det har stort sett vore berre greit, det, men no byrjar det å verte litt kaldt...


Dette bilete er i frå helga me byrja å fyre i omnen. Det var ei deilig helg, men lukka skulle vere kortvarig. På måndagen datt det ned eit brev om fyreforbod i postkassa. For å gjere ein litt for lang historie kort (og kanskje litt subjektiv), så er styret i borettslaget ein gjeng molbuar. Dei visste nemleg at noko måtte gjerast med pipene i mars, i juni vart det bestemt at ja, pipene skal fiksast, ikkje stengjast, og NO er det altså bestemt at arbeidet skal starte til våren. Altså stengje dei av ein heil vinter. Eg trur nok eg må tenkje litt på denne vanvittig dårlege avgjerdsla kvar gong eg frys, for det gjer meg faktisk kokande sint!

Eg som er så glad i peiskos! Og det var så deilig at Ella kunne leike lettkledd på teppet i den gode varmen. No må me heller pakke oss inn. Eg er konsant kald på tærne. Og nasa. Ella vert kosa så mykje med at ho vert nok så ikkje kald. Heldigvis.


Strikkepinnane har fått avkjøla seg litt den siste veka. Og eg kan nok likevel ikkje vise alt som vert til framover, det er jo snart jul! Eller... snart er kanskje å ta litt hardt i, men eg har faktisk kjøpt eit julemagasin. Allers (!) Julemagasin.

Bilete frå www.annegeddes.com

Det er jo fordi ein må ha tid til å lage julegåver! For litt heimalaga gåver vert det nok i år også. Dessutan skal me "feire" adventstida med overmåte i år. Ettersom årets juleantrekk vert Bermudashorts og Hawaiianas (og deilig vert det!), må tradisjonskonservative mor Ingrid gjere mest mogleg ut av førjulstida. Eit par juleverkstader, og ein julebakst er allereie planlagd. Eg gler meg!!


Eg har vore på kaffikurs hos Maria Reme. Det var altså ho som tok dei fine bileta av Ella då ho var 1 månad. Maria har kontor rett oppi høgget, og der var eg og Ella på måndag. På kaffikurs. Det var ikkje eit kurs om kaffi, men om fotoredigering i Photoshop. Og så drakk me kaffi. Eller te, då. Og eg fekk nokre gode tips med meg. Det var ikkje like lett då eg kom heim, men eg har prøvd meg litt. I dag hadde eg og Ella ein liten fotoshoot i stova. Bileta i svart-kvitt er derifrå : )

Ellers held Ella på å få ei tann, og dette kan no gjere noko vondt:


2 kommentarer:

  1. Dette er en mormortest

    SvarSlett
  2. det er alltid så koseligt og se hva som skjer hos Ella.

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!