fredag 6. november 2009

2 Kvar vart oktober av?

November er godt i gong, og eg kjenner at eg byrjar å få litt panikk. Det er så mykje eg har lyst å lage til jul, men ser no at den lista må tynnast litt ut. 


Bilete er lånt frå www.art.com


Sidan sist har me vore heime på vestlandet ei god veke. Me måtte jo heim å sjå til farfar Dagfinn før han reiste til varmen på Gran Canaria. Der er han no, lukkeleg gjenforeint med farmor Maria i 25-30 varmegrader. Me gler oss til å besøke dykk i jula!





Ellers skal eg inn på operasjonsstova neste fredag, kulen i leppa må under kniven. Noko er tett, noko har hopa seg opp og eg er lei av folk kikkar på den i staden for i augo når eg pratar med dei : ) Det har teke litt tid å få den fiksa. Då eg endeleg innsåg at den ikkje kom til å forsvinne av seg sjølv, gjekk eg til legen berre for å betale 170,- for å verte henvist til spesialist. Hos spesialisten betala eg 300,- for å høyre at denne kunne han ikkje gjere noko med på kontoret, eg måtte nok på operasjonsstova, ja. På operasjonsstova må eg betale nye 290,- eller kva det var.  
Kan nokon minne meg på kvifor eg betalar skatt? (Ja, ok då, det er vel for den epiduralen eg fekk gratis på fødestova...)


I går fekk pappa Petter prøvd seg som heiltids nesten-aleinepappa. Mamma Ingrid låg strekk ut, bortsett frå når ho måtte springe på do anten av den eine eller andre grunnen. Ingen er gode, og ingen treng me kome nærmare inn på her. 





Mamma Ingrid var altså ikkje mykje hjelp. Pappa Petter måtte ta fri frå jobb, og brukte dagen til å vere sjukepleiar og pappa. Ella og pappa hadde det heilt topp, dei! Ikkje rart det, Ella er jo verdas beste baby og pappa Petter er verdas beste pappa! 





Men mormor Gunn er framleis ein litt betre sjukepleiar då ho har mottoet "det den sjuke har LYST, det har den sjuke GODT av"...



2 kommentarer:

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!