Sidan sist har Ella hatt sine tre Kristiansandkusiner på besøk. Det var kjekt, det! Maren og Mathea ville til og med sove over på sovesofaen!
Våre fargerike nieser...
...prøver å lære ein gamal hund nye kunstar
Me kosa oss med wok med nudlar OG ris, og kanelbollar og is til kvelds. Ja, for tante Ingrid gløymde å servere ordentleg kvelds, men vart tilgjeven morgonen etter. Og så var det jo ein veldig sein middag, då... (Ro, ro til fiskeskjær...)
Før denne festkvelden, var me på guida tur på NRK. Der fekk me sjå både Flode og Einar Lunde, TittenTei og pausefiskane frå 60-talet. Eller... eg tvilar på det er dei same fiskane, men kanskje nokre tipp-tippoldebarnefiskar?

Bilete er henta frå nrkp3.no
I tillegg fekk onkel NRK-sport Petter lurt jentene inn i Barne TV-studio!
Og så såg me Kåre Magnus i kantina, og Margrethe på parkeringsplassen!!
Barne Tv, ja...
Sjølv om strikkedilla har bete seg hardt fast, har eg faktisk sydd litt sidan sist også. MEN eg gløymde å knipse resultatet før Maia fekk dei med seg til Kristiansand: (
To små.. tja.. eg vil jo kalla dei siklesmekker, men Maia siklar jo sikkert ikkje så mykje. Difor er det så fint at det er fleece på undersida for då er dei også eit lite skjerf i halsen, i tillegg til ein fargeklatt. Så i Maia sitt tilfelle kan me kalle dei eit fargeklattskjerf... Ikkje eit namn eg kjem til å søkje eigarskap på.
Så fint, langt hår skal eg også få! Det seier mamma...
ÅÅÅ! Berre vent.. snart kjem eg og tek deg, Maia!
På strikkepinnane har denne blitt til:
Den er mykje for lita for Ella, det var også meininga. Men eg trong ein modell til bileta.
Lua var søt og lita, med ein oppstoppardusk. Til eg vaska og dampa den. Då vart den litt større og slapp. Det er veldig usjarmerande med ein slapp oppstoppardusk, så eg putta den i vaskemaskina saman med den andre ullvasken. Då var det ingen dusk att i det heile. Berre ein liten pjuskedusk. Sånn kan det gå...











Ååå...Eg og vil på sightseeing på NRK!!
SvarSlettJa, kom til Oslo! Du får sikkert ein privat guiding av Petter, med endå meir inside stuff ; )
SvarSlettInside stuff og privat guiding er en viktig del av Petters Oslo-opplevelse. Meld deg på nå!
SvarSlettIngen som noensinne har tilbudt guidet tur på NRK til meg..
SvarSlettDei er ikkje for alle, Grethe...
SvarSlett