For å opparbeide ein svolt på fiskesuppa som stod på matplanen i dag (ja, me har matplan for HEILE veka!), måtte eg finne på noko ekstra. Det steindyre brødet eg kjøpte sist, haldt ikkje mål, så i dag tok eg saken i eigne hender.

Dette olivenbrødet er så godt at det fortener ein plass i Ole Heine sin matblogg (www.oleheine.com). Medan den søknaden er oppe til behandling, deler eg gjerne oppskrifta med dykk her. Kvar den opprinneleg kjem frå, hugsar eg ikkje, så dersom nokon kjenner seg øverkøyrd og gløymd, så får dei skrike ut.
Olivenbrød
(4 porsjonar)
3-4 dl vatn
1 ts sukker
1 ts salt
1 pk tørrgjær
6 dl kveitemel
Dette skal rørast til ein seig deig!
Dra deigen utover bakepapir i ei lita langpanne. Dekk så med aluminiumsfolie og set til heving.
Lag små "groper" i deigen, hell ca 1/2 dl (tilsaman!) olivenolje i gropene. Putt gjerne oppdelte, svarte oliven i deigen også.
Ha 2 fedd pressa kvitlauk og strø grovsalt over deigen. Til slutt provance krydder (eller tilsvarende krydder) over hele deigen.
Steikast på 200° C i ca. 20 min.

Saftig og smakfullt, og så vert det så heise god lukt i heimen!
Og altså svært godt til fiskesuppa (med ekstra fiskebollar og reker i dette tilfellet).
Medan mor stod på kjøkenet, vart det også nokre porsjonar most fiskebollar og potet til Ella. Etinga går stadig betre, og innimellom opnar ho munnen også!



søknaden er innvilga ogoppskrift er lagt inn :)
SvarSlettWeeee!!!
SvarSlett