Heile bursdagsfeiringa har gått stille og roleg for seg. Petter laga biffmiddag og kake! På sin heilt eigen sjarmerande måte: ) Mmmm...
Eg brukar å invitere ein liten gjeng næraste helg, men i år er novemberhelgene altfor travle. Denne helga er Petter på Beitostølen med jobben, og eg får kjenne på aleinemortilværet. Det er litt einsamt, og eg trur Ella er lei av at det er BERRE mamma heile tida. Mamma orkar ikkje å fly så lenge som pappa nemleg.
Ellers vil eg nytte høve til å takke for bursdagsgåver!
Det kom ei søt lita bok frå mamma og pappa i posten: )
...og eg er glad i dykk!
Mamma hadde også vore i skogen og samla meg mose og kongler, så eg kan pynte litt jul etterkvart. Gler meg!
Resten av bursdagsgåva står og ventar på meg til eg skal heim i desember. To søte zinkhus frå Walther & Co. Dei har eg ynskja meg leeenge!
Resten av bursdagsgåva står og ventar på meg til eg skal heim i desember. To søte zinkhus frå Walther & Co. Dei har eg ynskja meg leeenge!
I går var eg også ute og kjøpte med noko for pengane eg fekk frå min svigerfamilie, noko eg OGSÅ har ynskja meg leeenge!! Og som eg treng! Eit smykkeskrin! Som sagt, har eg ynskja meg og leita etter, eit riktig smykkeskrin. Det skulle vere stort, enkelt og tidlaust. Eg fann det til slutt!
Så no skal endeleg smykkene få sin plass, utan å måtte liggje i ei stor klyse. Eller i små svarte boksar spreidd rundt omkring. For eg har to menn i livet som er flinke å kjøpe slikt som ein kan ha oppi slike skrin. Den ein er mykje flinkare enn den andre. Pappaen min! Øyrepynten nedst til høgre var fjorårets julegåve. Nydelege!!
Og endeleg kan eg altså ta godt vare på dei og det andre. Og så skal Ella sine smykker få låne litt plass til me finn eit fint skrin til ho også. Ho har så kresen mamma, ho Ella...
Tusen takk, Misjane!
Takk elles for alle helsingar på sms og diverse andre digitale mediar. Veldig hyggjeleg!


.jpg)



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vil du seie nokre ord? Så kjekt!