Først kikka ei dame på meg, både her og der og lurte på om eg var tett i nasa. Joda, det er eg støtt og stadig, sa eg. Ja, det var ikkje rart, for det var noko inni nasa mi som var skeivt. What else is new?! Det måtte jo vere meir... Så kikka ho på leppa mi og sende meg vidare til dagkirurgisk avdeling. Dumme meg som trudde ho var sistemann som skulle sjå på denne leppa...
Då eg kom opp på dagkirurigisk måtte eg flire litt inni meg av folk som tusla rundt bukselause i berre sjukehusskjorte, raud morgonkåpe og plastsokkar. Stilig! Not! Etterkvart kobla eg at kvar person som vart ropt opp etterkvart kom tilbake i den outfit´en, og sakte men sikkert slo det meg at ALLE måtte skifte. ALLE. Det ville også inkludere meg! For ein kul i leppa? Verkeleg? Så der satt eg då. Og kaldsvetta. Omringa av raude bukselause som slett ikkje hugsa at dei var bukselause og slang gjerne det eine beinet oppå det andre. Ikkje bra. Eg prøvde så godt eg kunne å fokusere på strikketøyet mitt.
Så... "Ingrid Misje?"
Eg såg det med det same, ho var som ein engel. Snill og god og full av barmhjertigheit. "Du treng ikkje kle av deg", sa ho, "berre ta dette utanpå", så gav ho meg ei raud morgonkåpe og plastsko. Heilt greit det så lenge eg slapp å gå bukselaus i korridorane. Hipp hurra!
Til slutt fekk eg kome inn på operasjonsstova. Det var litt som å vere hos tannlegen, berre med full overvakning.
fvtropes.org
Ingen McDreamy, ingen McSteamy, ingen krangling eller sladring over operasjonssåret. Berre dama som sa eg hadde skeiv nase. Skjønt ho vart litt irritert på den stakkars sjukepleiaren som ikkje greide å halde leppa mi fast. Ikkje rart det, eg sikla jo som ein hund.
Etter ein halvtime var eg ferdig. Stukket, svidd, kutta og sydd. Og med verandaleppe. Stor nok til å huse eit stort hageselskap. Ascehougs sommarfest. Slik kjendes det ut.
"Du ser litt maltraktert ut, men slik er det berre", sa legen.
"Takk skal du ha, det var beroligande", sa eg.
Så gjekk eg heim.


Kjekt med engler i hverdagen ;)
SvarSlettBle du egentlig skuffa eller beroliga av at virkeligheten ikke var som Greys anatomy? (Du vet godt at i Greys anatomy ville de ha snakka om leppa di i flere uker..)
Eg vart litt skuffa, og draumen om å bli ein surgeon fall til jorda med eit pladask... No gossip, no fun!
SvarSlett