søndag 20. desember 2009

1 No har vi vaska gølvet, og vi har børi ved...

Nei, verken eller. Golvet er ikkje vaska i skrivande stund, og kva skal me med ved i desse magre fyringsforbodtider. I omnen står det tre kubbelys, og dei varmar IKKJE. Det er 13 minusgrader ute, og golvet er KALDT. Men no skulle eg prøve å settje ei koseleg stemning...





Golvvask gjenstår altså, men eg HAR vaska LITT i tillegg til å ha rydda, klippa, teipa, skrive, baka, handla, sydd, pakka, strikka, og sendt. Så litt er då gjort. 





Gåvene er i boks (nesten...), julekorta så godt som sendt (kremt..), og no gjenstår "berre" litt pakking av sommarklede til juleturen til Gran Canaria. Flyet går i 11-tida på måndagsføremiddag. Eg er ganske spent på turen, for Ella har ikkje akkurat vore ein fryd å ha på fanget dei siste flyturane heim til vestlandet, og denne turen er eit godt stykke lengre! Makan til makk! Ikkje kan me sittje ved naudutgongen der det er god beinplass, heller, nettopp pga Ella. Så me førebur oss på ein sveitt tur...





Varmt og godt vert det forhåpentlegvis på Gran Canaria også. Sist eg sjekka var det meldt regn, det kan værgudane berre gløyme. Fiks det i ein fart! Eg vil ha sol!





Uansett vert det ein stor kontrast til vinterOslo. Dei siste dagane har det altså vore rundt - 10°C, og LITT snø. Ella har vorten pakka så godt inn at berre augo kunne røre på seg. Datt tutten ut, måtte ho sei i frå. Det har ikkje vorte dei lange turane, for å sei det slik! Det hadde vore morosamare med meir snø og ikkje fullt så mange minusgrader... Kanskje i januar?








Så med dette vil vesle familien Misje i Christian Michelsensgate ynskje alle vener og familiemedlemmar ei 



Velsigna god jul



Ein ekstra stor juleklem sender me til mormor og morfar som skal feire jul på Kalveid med berre kvarandre... 



♥ ♥ ♥ 

1 kommentar:

  1. God tur til varmere strøk. Kos dere. Håper dere får en fin høytid der nede.

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!