lørdag 2. januar 2010

9 Godt nytt år! ...brrr!!

Det var eit lite sjokk å kome frå 28 plussgrader i Arguineguin til 17 minusgrader på Gardermoen. Forventa, men likevel kaldt. Me hadde litt ekstra plass i kofferten då me reiste ned, så me tok dei fleste av gåvene til Ella med oss, og godt var det.








Ullbody, ullgenser og ullstrømpebukse kom vel med frå flyplassen og heim. Flyet var eit par timar forseinka, men ingenting å klage over i høve til andre rundt oss som var seks timar og meir, forseinka. Og det var i grunn litt deilig å ikkje ha noko anna val enn taxi frå flyplassen, klokka var trass alt halv to på natta, og me var rimeleg klar for senga. Den var også kald forresten.





Ni dagar på Gran Canaria var herleg. Godveret kom ikkje før dei siste dagane, men varmen var der heile tida. Ella oppførte seg også nært opp til eksemplarisk på begge flyreisene. Dette kan me gjere fleire gongar! : )








Julestemninga var vel kanskje ikkje til å ta og kjenne på nede på Gran Canaria, men at det var ferie er det ingen tvil om. Pappa Petter har jobba og jobba og jobba fram til jul, og fekk pusta godt ut. Sola gjorde GODT!





Me hadde ei koseleg lita julefeiring med eit lite tre og ganske mange små gåver (med små maur på). Herleg pinnekjøt fekk me også! Ella starta gåveopninga litt tidlegare på dagen...










Sjølv om farmor Maria og farfar Dagfinn måtte jobbe mykje i den travle høgtidshelga, fekk me likevel sjå litt meir av Gran Canaria sama, enn berre Arguineguin som dei altså bur i. Bilturen som enda i Las Palmas (eller... den enda jo heime til slutt då) vart litt kortaret enn planlagd på førehand, men var likevel finfin! 





Regnet gjorde rasfaren i fjella litt for stor til at det var koseleg, så dei unngjekk me. Kanskje var det like greit ettersom Ella vart bilsjuk på svingete vegar eit par dagar før, og kasta opp. Stakkar Ella...











Så har me noko til gode til neste gong me skal besøke farmor og farfar.





Det vart både julekveldsfest og juletrefest på Sjømannskyrkja. Fullt hus, kaffi og kaker, juletre og julenisse. Ella var med på det meste og og sjarmerte alle som gjekk forbi med sprudlande auger og to små tenner i eit stort smil. Nydelege jenta vår!





Målet til onkel Jørgen var å lære ho å gå og prate i løpet av jula. Det skjedde jo ikkje. Verken eller. Sjokkerande. Ho har derimot lært seg ei form for indianerrop. Ganske tøft! Og så kan ho tullesmile og få alle til å le. Og så kan ho NESTEN krabbe! Ho står mykje på alle fire og rockar i alle fall. Ikkje som far sin som gjekk då han var ni månadar, altså, men kva gjer vel det?! 





Takk, Misje(Wold)ane, for ein fin juleferie!








Søte Ella har gjort 2009 til eit FANTASTISK år! Ikkje eit keisamt minutt sidan 15. mars! Derimot veldig, veldig mange berikande, herlege minutt, timar og dagar! Ho er så goood!! Det er fint å være sin eigen vesle familie : ) 





Og brått fyller ho 1 år, og pappa Petter fyller 30 fire dagar før. Det må det jo bli fest av! Men det er framleis nokre månadar til. Treng ikkje bake endå.





Takk for alle augneblink me har fått dele og oppleve saman med dykk! Eg veit det er ein del som er innom bloggen vår innimellom, også utanom besteforeldre, og det er veldig koseleg! Ekstra koseleg er det når de leggjer att ein liten kommentar, sjølvsagt: ) 





2009 er over, me hengjer ein ny kalender på veggen og fortset som før. Nyttårsforsett, kva er det?





Godt nytt år!


9 kommentarer:

  1. Såg deilig ut! Godt nyttår til dykk! Tenkjer julegåvene frå oss kan komme til nytte i år! ; ) Elles sakna me faktisk ein aktivitetskalender til jul i år... Me har feira nydeleg snøføre i snart to veker. Masse skigåing! Klem Bodil og co

    SvarSlett
  2. Godt nyttår til dere, og takk for vi får dele opplevelsene med dere. Ella er jo bedårende og mormor sin godklump.. mormor og morfar.

    SvarSlett
  3. GODT NYTTÅR, Misjisane! Kjekt å sjå fine bilder! Kan fort lengta litt te varmen no i disse dagar... Gler meg te gjensyn, snart - håpa eg! Ingrid: har du ski? lyst å vera med på nybegynnarskitur ein dag?? Elisabeth

    SvarSlett
  4. Har ikkje stått på bortoverski på 15 år, trur eg. Har vel ski heime på Kalveid (med nokre bindingar som sikkert høyrer heime på museum), men ikkje her i Oslo, nei.. Ellers høyres nybyrjarskitur ut som noko for meg!

    SvarSlett
  5. 15 år sio sist eg prøvde og... derfor eg trenge ein litt enkel start, gjerne med likesinna - men trur ikkje da fins så mange av dei... ;) Kjøp deg ski (e jo salg.. ;)), så tar me ein tur!

    SvarSlett
  6. Ingrid - kjøp deg ski!

    SvarSlett
  7. Elisabet sa óg:
    Enig!!!

    SvarSlett
  8. GODT NYTT ÅR fra "Stølane" ! :-)Gleder meg til mange flotte bilder og koselige historier på bloggen i 2010 også ;-)

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!