I vinter vart me SOS-faddrar til ein liten kar i India.
Det er mange måtar å hjelpe born rundt omkring i verda, og jammen ikkje lett å velgje kven ein skal støtte.
Berre plukk ein, det er uansett betre enn å kjøpe den skjorta du har så lyst på, men i grunn er litt lik den som allereie heng i skapet ditt.
♥
SOS-barnebyar er eit lite samfunn som gjer foreldrelause born ein trygg heim, og ein ny familie. Dei fins 500 barnebyar, og meir enn 2000 prosjekt fordelt på 134 land. I barnebyen får barne faste omsorgspersonar å forholde seg til, og biologiske søsken bur i same SOS-familie. Alle borna får også utdanning og er dermed førbudd til å stå på eigne bein som vaksne.
♥
Om ikkje eg klarar å overbevise deg, så greier nok desse det:
♥

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vil du seie nokre ord? Så kjekt!