fredag 25. juni 2010

2 Amour!

I dag har me 5 års bryllupsdag!
Og i år bryt me tradisjonen med å vere på reis denne dagen. Me har vore i New York, i Spania, og andre mindre spanande stader på denne datoen før. Men aldri i anledning bryllupsdag, og me har i grunn aldri feira den så voldsomt heller. Heilt ufrivillig frå mi side.


Så STOR var gleda då eg i dag slo augo opp (les: tvinga dei opp med handmakt) og kikka rett på ei GÅVE! 
Kanskje ikkje kjempeoverraska, ettersom Petter berre måtte sei i går at han hadde kjøpt ein liten ting til meg. 
"Haaaaar du?", sa eg då, og tenkte at opsideisi, den dagen kom brått på gitt...


Heldigvis hadde han tenkt på oss begge, gåva var nemleg tur til
PARIS!!
ÅÅÅ, som eg gledar meg! 
Det vert i månadsskifte juli/august. Så veit de det!


Petter min: je t`aime, je t`aime, je t`aime!!!

post signature

2 kommentarer:

  1. For ein snille mann du har:-) Gratulera så masse!

    SvarSlett
  2. Gratulerer så mye med bryllupsdagen :-)

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!