I vinter snubla eg over Drømmefabrikken, bloggen til fotoentusiasten Silje som var, og er, i prosessen med å starte opp for seg sjølv.
Og dette i tillegg til å gå på sjukepleien og vere tobornsmor. Imponerande.
Ikkje berre tek ho flotte bilete, ho skapar også dei nydelegaste draumeverdenar.
♥
Då ho etterlyste born til gratisfotografering for å byggje opp portefolien sin, var eg ikkje sein å be.
Ella var blid og glad i omlag fire minuttar under fotograferinga, så var det i grunn berre å pakke saman og gå heim... Men Silje utnytta dei fire minuttane godt!
Og jammen har ho ikkje sendt Ella inn i draumeverda også!
Bilete er lagt ut med godkjenning av Silje/Drømmefabrikken
♥


Utrolig flott bilde!!!
SvarSlettKlem Vivian
SÅ utrolig nydelig bilde! Det er noe av det fineste jeg har sett. Skjønne Ella ser jo ut som en liten rampete engel! Rett og slett nydelig!
SvarSlett