I stor kontrast til sine foreldre har Ella ikkje vore så veldig interessert i TV.
Heilt til ho oppdaga Fantorangen. Men KUN Fantorangen, ikkje alle dei kjipe filmane han sender. Då finn ho heller fram fargeblyantane sine.
Så då tenkte eg at Drømmehagen skulle få ein ny sjans (ikkje at dattera vår på daud og liv MÅ sjå TV, men det hadde jo vore greit med noko som kunne ta litt merksemd under middagslaging til dømes...)
Drømmehagen var aldri interessant når det gjekk på kveldstid, så eg var ikkje av dei desperate mødrene som arrangerte underskriftskampanje for å få serien tilbake på prime time for dei minste.
Det går framleis på dagtid, så eg tok opp nokre episodar og lot Ella teste det ut.
Det var kjærleik ved fyrste (gjen)blikk.
Ho ELSKAR det!
Bileta er frå halvanna veke sidan då mor hadde litt overskot til å bake fylte horn. Det vart litt restedeig, den steikte eg på steikepanna og hadde smør og sukker på. Det har eit namn, men sanneleg om eg veit kva det er. Veit du?
Godt var det i alle fall, eg og Ella koooosa oss : )
I skrivande stund er formen til underteikna på veg opp att etter ein liten set-back av Noro jr.
I morgon er det tilbake på jobb.
♥





D e så kjekt at eg faktisk har fått helsa på denne herlige jenta nå!!:)
SvarSlettSåg ut som hu koste seg framfor skjermen der ja;)
Håpe alt står bra t! Kos deg "home alone"!
Solrun