Det er så kaldt!
Men eigentleg mildt i høve til det det var før jul.
Men likevel kaldt.
Og me er på siste vedsekk frå Flatholmen.
Usj...
Men vinteren er jo vakker (som alle andre årstider!).
Bileta er frå rimjula..eh.. romjula (festleg skriveleif som får stå, hihi..) heime på Kalveid.
Snø på den kanten brukar å vere eit lett slør over bakken og det er grøne stiar rundt alle snømenn fordi det ikkje er noko til overs. I jula gjekk det ikkje ein gong an å lage snømann, det var for kaldt! Me prøvde til og med å tilføre vatn for å lage kram snø.
Haha, vestlendingar...
Då var det lettare å knipse litt bilete. Berre synd eg ikkje dug på etterbehandlinga for tida. Heldigvis er det mykje fordi eg ikkje har prøvd å settje meg inn i nye program enno.
Det er framleis håp.
Bileta er forresten teke med julegåva mi, Canon Powershot G12. Eit svært dugande kompaktkamera. Kameraparken vår byrja å bli overmåte stor for vårt bruk, så min gode, gamle ven, 20D, er solgt og har fått sin renessanse i Guinea Bissau. Heldiggrisen.
Har også eit svart Canon ixus 100 til overs. Anyone? Svigerfar? : )
♥





Ja, har hørt om veret vestpå denne vinteren frå både far og søsters. Snø, reg, is osv...!! Her regner det i skrivende stund, oppå ein halv meter med snø! Moro - not!!
SvarSlettHa ein fin start på veka i måro! Klem : )
Flotte bilder :) Ditt kjære gamle 20D er nok litt trist, for det ble gjenglemt på Furuset i reisestresset. Men jeg tror det kommer seg til Afrika i Mars :) (men pengene kommer snart)
SvarSlettklems
Nei, isj, så teit, Grethe! Betre lukke neste gong!
SvarSlett