lørdag 8. januar 2011

0 Såva de!!

...seier Ella, og legg seg godt til rette på puta i sofaen. Pleddet skal på, og hugsar ho på å vere lur nok bestiller ho "gokk". Smokken altså. Som eigentleg berre er til sovetid.
Mormor G hadde lagd heimestrikka julegåver til alle fem borneborn. Sjå så fin Ella vart i genseren! 


Snødrevet stod utafor vindauga i dag, så det vart ikkje lange trilleturen. Snø og barnevogn er ein heilt elendig kombinasjon, eg kjenner svetten piple berre eg tenkjer på det. Og akebrettet skal Ella IKKJE sitte på. Skikkeleg vellukka julegåve, altså...


Så då vart det mest innekos i dag også. Ikkje januarsal og ikkje aketur i snøen... 
Pappa P kom frå jobb til slutt også, så då vert det taco-laurdag! 
Nam-nam!
post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!