fredag 4. mars 2011

3 Grått er flott også!

Ja, det vart jo brått mars her inne på bloggen. Eg vil ikkje påstå at februar fauk forbi, me humpa no gjennom med influensa, augebetennelse, snørr, host og hark. Det meste gjaldt meg, ja. 
Månaden vart avslutta på godt vis med vinterferie heime på vestlandet. Der vart Ella etterkvart sjuk, så det vart ein del innetid, og når ho var på beina, ja då vart ho mor slått i bakken att. Så mars starta med sjukedag.
Litt grått altså.
  
Det er framleis host og snørr, men me er no i gong att. 
Pappa P derimot har vore i gong sidan januar, og har vel fri ein dag i slutten av april.
Neida, men det er veldig travelt. No er det VM og 10-12 timars vakter i Kollen kvar dag, så litt pusting før han vender nasa mot nord og Finnmarkslaupet. På sin eigen bursdag, og Ella sin bursdag. I år også.
Litt grått det også.
 
De hugsar kanskje eg fortalde ein gong i fjern fortid (november, trur eg) at eg var på lagerutsal hos Pickles rett nedi gata. Der var det lang kø, kaldt vær og når ein kom inn gjekk ein i kolonne, og med Ella i tillegg vart eg ein smule heit og stressa og spurde etter det eg tenkte eg skulle ha, betalte og gjekk.
Hakesleppet kom sakte, men sikkert då det gjekk opp for meg kor mykje pengar eg hadde svidd av.
For å sei det slik, puffen (som for øvrig heiter Puff Daddy og er strikka etter oppskrift på Pickles.no) er verd eit 4-sifra kronebeløp berre i garn og fyll. Arbeidet var ikkje særskild krevjande, men keisamt.
Litt grått om du vil.
Men puffen vart fin, den!

post signature

3 kommentarer:

  1. Kul puff. Glede meg te blogg undervisning i helga:) Og legg merke til at nå kommentere eg som meg sjøl, og ikkje anonym! yey:)

    SvarSlett
  2. Kjempefin puff! Brukte du 4sifra beløp på å strikka den sjøl?.

    SvarSlett
  3. Jepp... Det var nok ikkje verd, så kul er den ikkje : )

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!