Desse koppane inviterer til det!
Me er ikkje så flinke til å samle oss rundt kveldsbordet som familie. Det har nok mykje med tidspunktet å gjere, men tysdagen har etterkvart blitt kveldsborddagen. Då kjem Ella med vått hår og svolten mage frå barnesymjing, og det passar seg godt å lage ein kopp varm sjokolade. Med lune t-briks frå tante Magnhild, rumlar det både i mamma og pappa sin mage, sjølv om det ikkje er så lenge sidan middag.
To minuttar før stengjetid på Osloturen, fekk eg stumpa meg over dørstokken til Rafens og kjøpt med meg to søte chocolate-koppar. Dei passar så godt inn i kjøkenet vårt at dei får lov å stå i glasskapet. Jadda.
Ellers syns eg det var riktig så festleg at svigerinne Monika hadde tenkt å kjøpe syltetøyskåla i forrige innlegg til bursdagen min. Gifta seg godt, han bror min! Tji-hi!
♡
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vil du seie nokre ord? Så kjekt!