Det er ikkje mange gongar me har vore utafor utgongsdøra og ikkje har fått regn på nasa dei siste sju vekene.
Ikkje at det er skadeleg, men det hadde jo vore kjekt og sett litt blå himmel snart.
Men me kjem oss ut mellom dei verste skurane...
Her ein dag måtte eg ringe heim til pappa P og få han til å hente oss i bilen. Ella skulle i alle fall ikkje heim. Nix og nei og buhuu... Då hadde me vore på diverse leikeplassar i fire timar, mor var våt og kald og magen til Erik rumla. Ella derimot, hadde sove ute om ho hadde fått lov.
Men i dei verste bygene held me oss inne.
Og kikkar på dei søte naboane frå kjøkenvindauga.
♡

Hei! Kjekt det er opplett innimellom slik at de får litt luft: )
SvarSlettFaren min klaga seg over veret vestpå no, syns det var trasig.
Bildet under var skjønt! Ja, tenk så heldige vi er som har friske, fine og glade barn!
Ha en fin dag! Håper himmelen blir blå! KLEM!