Ho mor og broremann har vore på Oslotur i helga. Det var ikkje så mykje ekstra plass i kofferten, men litt fekk me no trykka nedi med oss heim att. Bl.a denne søte syltetøyskåla (utan skei) frå Søstrene Grene. Til den nette sum av kr 24,95 : )
Eit varp, spør du meg!
Og eg som hadde ynskja meg syltetøyskål med lokk tilpassa skei.
Flaks!
Så kan ein kanskje undre seg over kvifor ein tek bilete av syltetøyskåler ute på terassen i slutten av oktober, men når det har regna kontinuerleg i ti veker, ja då finn ein på så mykje rart når sola først kjem...
♡




Den va jo kjempefin! Koffor kjøpte du ikkje ei te meg og??? :)
SvarSlettGlømte noko, eg skjønar godt at du finn på litt av kvar når det endeleg er fint ver!!!
SvarSlett