onsdag 19. august 2009

1 Marmor er 60 år!

Det kan gå litt i surr når ein har både farmor, mormor, farfar og morfar. Det gjorde det i alle fall for meg då eg var litan, så det vart marmor.
Eit fint ord sådan, og ei grei fellesbeteikning (nei, dette er ikkje rett nynorsk) for ei som har borneborn av begge slag.


GRATULERAR MED DAGEN!

Ikkje mormor/farmor til fem, utan å vere MAMMA til

ein...


to..


tre...
NYDELEGE (kremt...) born!



I dag er det ope hus på Kalveid, og bursdagsbornet har teke ferie for å bake kaker og dekkje bord. Det er eit artig fenomen det der, kor mykje ein styrer for å gjere andre glad og mett, når det er ein sjølv som skal vere midtpunktet. Er det ikkje bursdagsbornet som skal verte servert?



1. august hadde me familiefeiring, med noko-og-20 til bords. Monika og Ole Heine diska opp med tre fantastisk velsmakande rettar.

Tek eg ikkje heilt feil finn de nokre av oppskriftene på matbloggen deira. Den er her. (Klikk på her, ja. Den før parangtesen). Og er ikkje oppskriftene der enda, må nokon få rumpa i gir og leggje dei ut straks! ; )


Alle tantar og onklar var tilstades, og det vart reint så koseleg. Er jo ikkje kvar dag me ser dei lengre!




Mormor har fått sølvgrått hår, men det tyder ikkje at ho er gammal! Eg kjenner framleis få som er så energiske og produktive som dagens bursdagsborn. Dei gamle i bygda vert teken hand om av ho, huset vert måla, både inni og utanpå, kjøkenet vert pussa opp så vel som gongen, ho ringjer stadig for å høyre om alt er bra, morfar må halde seg svært aktiv for ikkje å blir rund av all den gode maten, og det er alltid eit halvferdig lappeteppe eller tre på stovegolvet, og eit spøt i handa. Borneborn nummer fem får like mykje som borneborn nummer ein og to.



Og ho tek gjerne ein buss til Kristiansand, eller eit fly til Oslo om det skulle kome nokre fridagar på rekkje for å vere litt mormor eller farmor. Eller marmor.


Håpar dagen er god, kjære bursdagsmor!
Me er så glade i deg!


Ellers kan eg meddele at Ella i dag har fått 5 mnd-vaksina, og verkar å vere i storform, sett bort i frå litt grinete ettermiddag. Det var litt vondt å bli stukken i kvart lår, men det gjekk fort over. Mamma Ingrid vart stukken i går. Først på ein ekkel sprøytespiss i parken, og måtte jo då ta blodprøve hos legen etterpå. Det må gjerast på nytt om 3 og 6 mnd. Sjansane er jo minimale for at det skal vere smitte av noko sort, men likevel ikkje så kjekt.


1 kommentar:

  1. Hei, så hyggelig å kunne være til inspirasjon! :o)
    Stoffet, det stripete kommer fra;
    http://www.e-slojd.se/
    Veldig mye fint, med god kvalitet.
    Ha en fin helg, hilsen Fredrikke :o)

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!