Etter nokre år med celledeling er kjernefamilien på 5 vorten storfamilie på 13. Huset på Kalveid må samstundes ha krympa ein viss prosent, det er eg ganske sikker på.
Men bortsett frå at me må tråkke litt over kvarandre for å komme frå A til B, har me det veldig bra. På underleg vis kjem det mat på bordet opp til fleire gongar for dagen også.
Det vert ikkje mykje bading eller solslikking når det er 15 grader og øspøs, men det er jo mykje anna ein kan finne på. Nokon les, nokon strikkar, nokon spring etter babyar, nokon dikkedikkar, nokon fiskar, nokon klatrar i gardiner, nokon kokar (mat) og nokon plukkar bær eller andre rotfrukter.
Bodil har til og med funne sjølvsukkrande bær, og me andre let ho leve i trua.
Når dei 53 borna har lagt seg, skulle ein kanskje tru at ro og harmoni la seg som eit varmt teppe over Kalveidhuset, men NÆHÆII!! Eit døgns innebygd spenning sit i kroppane, og adrealinet er på kokepunktet kvar kveld. Det er tid for Spar Dame-turneringa. Sarkastiske kommentarar haglar, og dei som ikkje dukkar vert slått hardt og brutalt.
Det er nådelaust, og heise kjekt!

.jpg)






Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vil du seie nokre ord? Så kjekt!