mandag 31. august 2009

3 Giraffkasting og andre spilloppar

Etter å ha gjort ein heidundranes god jobb med kjøkenreingjering i går (les: skrubba mikroen og steikeomnen, rydda i roteskapet, vaska golvet og søppelskapet og strauk haugen med klede som hopa seg opp på benken) i tillegg til eit par klesvaskar.. etter alt dette altså... fann eg ut at kanskje det var ein god ide og rett og slett ta eit rom for dagen. Eit overkommeleg mål for ei babymamma. Dersom me utelatar kontoret. Så eg var ganske klar for å ta fatt på soverommet i dag, men det regna jo ikkje i dag!! Så då måtte me jo ut på tur!


Så me gjekk oss ein tur og kom heim med ny leikematte, litt klede frå ein tilgodelapp som låg og brann i lommeboka, ein fruktnettsmokk (høh?), og ei pute. Petter vert sjeldan overbegeistra når eg kjem heim med nye puter, men denne gongen bytta eg den ut mot TO andre i stova. Altså ei mindre pute for Petter å kaste veggimellom.


Då eg hadde traska gjennom fleire butikkar, og Ella hadde lugge tilsynelatande roleg i vogna si og berre kikka, oppdaga eg at Sophie var borte. Denne fantastiske leika som visst nok alle franske born har, og som ikkje har vore forandra sidan den var ny i 1963. Den er altså Ella sin favoritt også. Men ho var ikkje meir glad i den at ho kasta den ut av vogna eit ubevokta augneblink. Borte var den. Ikkje visste mor kva tid den var kasta ut, så då var det berre å byrja giraffjakta. Heldigvis var den ikkje i fyrste butikken me hadde besøkt, men nest siste. Puh! Snille Nilledama hadde putta den i skuffa si.


Bilete henta frå www.lesbebesdesabine.fr

Mormor Gunn spurde her ein dag om eg var i gong med syinga, men det er eg altså ikkje. Strikkinga kom litt i vegen. Det siste er ei lue til Ella. Det er IKKJE ei supporterlue for The Red Devils (Man. United, ja) som pappa Petter og farfar Dagfinn heiar så hemningslaust på, men den heiter likevel djevellue. Eller Hjallislue. Eller hjelmlue.
Kjær lue har mange namn.
Denne skal matche den raude jakka eg kjøpte på Polarn O. Pyret. Eg har strikka den litt stor for at Ella sitt allereie store, smarte hovud, kan få utfalde seg endå meir gjennom vinteren og likevel forbli varmt.




3 kommentarer:

  1. Så fin lue du har strikket!
    Jeg har svart delhvis på spørsmålet ditt hos meg, men jeg skal tenke litt på hvilke butikker jeg er mest fornøyd med og komme tilbake med et et svar om ikke så lenge! :o)
    Fredrikke :o)

    SvarSlett
  2. Hei. Så fine hua! Må kanskje få oppskrifta til den.... Har foreløbig bare strikka ei hue sjøl til jenta, og det e jo kjekt med fleie(men fyrst må eg gjere ferdig de to prosjekta eg strikker på nå;)) Og strikkemusklene har nok og godt av at eg skal til Stoff&Stil slik at eg kan bruke litt tid på å sy slik at dei får kvilt seg! Kanskje eg burde komt innom deg for å få shopping-lista di??
    -Bergljot-

    SvarSlett
  3. Da hadde vore kos! Mamma har visst fått syltetøy frå tante Marit som eg ska gje til deg (!). Dei er hos OH no.
    Men eg kan e-poste deg lista også då!
    Har lyst på så altfor mykje! Men må jo passe på å ikkje drukne i alt dette vatnet over hovudet...

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!