...så er ferien ute.
Grågjessene har allereie teke vingene fatt, og på måndag reiser ME til Oslo att (heia rim!). Fire veker på vestlandet har gått fort, sjølv om det på ingen måte har vore somarver! Shortsen har ikkje vore brukt EIN gong, og tåa har ikkje vorten så mykje som dyppa i sjøvatn. Det var dei med tidleg ferie som kom best ut av det i år.
Det har vorte fleire innestunder enn me kanskje har sett pris på, men så har det jo vorte nokre småprosjekter også. Og prosjektene står på rad og rekkje på lystlista mi for hausten også.
Her er eit par frå dei siste dagane...
Sminkepung. Til dømes.
Kjøkkenkluten strikka eg etter tips frå hobbybloggen Kort og Søm, ein fantastisk inspirerande blogg!
Vesle familien Misje var på dagstur i Bergen på fredag. Stoff og Stil på Åsane var mål nr. 1, og TJOHEI for ein butikk! Enda betre enn i Drammen.
Etter to og ein halv time byrja Petter å uttrykkje si lengt etter fridom. Eg, som hadde fullstendig mista all form for tidsbegrep i stoffparadiset, må seie meg imponert over uthaldinga hans.
No har eg ein god haug fiiine stoff å ta fatt på. Eg gler meg til kalde haustdagar med søm, strikk, og lufteturar med Ella.
Overgangen til haust kunne berre kome LITT seinare...
Ellers vil me takka alle for ein god sommar! Me har hatt mange koselege stunder med vener og familie som me diverre ser alt for lite til resten av året. Ikkje minst har Ella fått GOD tid samen med mormor og morfar, og farmor og farfar...

og syskjenborn...
me har ete reker på sjøhus og kaffi på bryggekanten...
.jpg)
me har kost med fleirbeinte...
me har ete godt og spansk i Bergen...
ete godt og norsk på Stord.. og prøvd å friste litt med familielivet...
feira dobbel bursdag...

kost litt...

tulla litt...

vore inne i regnet...
.jpg)
og ute i sola...

Takk for i sommar
og velkommen til Christian Michelsensgt. 26
om de rek forbi!




.jpg)
.jpg)



ska ikkje se vekk fra at me reke innom nei...(i alle fall eg...) Syns jo de stoffene såg ut som någe eg kunne tatt ein kikk på *sikle*. ;)
SvarSlett-Bergljot-
Dette er berre stoffa frå Bernina Singer i Haugesund, Stoff & Stil stoffa er det meir av: )
SvarSlettKom gjerne! Kanskje me kan ha sytreff?! Du har sikkert ein del mønster eg har lyst å låne; )